Lussekatter

lussekatter fra jensgarden

Lussekatter og Luciafeiring, kvifor feirar vi det? Luciadagen er ein lysfest midt i den mørkaste tida på året. Feiringa kjem frå minnedagen for den heilage Lucia, som blir knytt til lys, godleik og omtanke. I eldre folketru fanst «Lussi» – ein mørk vinterdemon. For å halde henne og det vonde unna, baka folk lyse, safrangule bollar. Slik at fargen symboliserar lyset i den mørkaste tida på året.

Ingrediensar

1000 g mjøl

100 g sukker

1 toppa ts kardemomme

1 pakke tørrgjær

1 g safran

En god klype salt

1 egg

150 g smelta smør

5 dl heilmelk

Framgangsmåte

Smelt smør og ha i safran, tilsett melka slik den blir fingervarm. I bakebollen tilsettast dei øvrige ingrediensane og safranmelka helles i. Mix i 5-10 minutt på middels til høg hastighet.

La deigen heve i 45 minutt og kjevl ut til ein rektangulær form. Skjær strimlet og form lussekattene etter eige ønske. Legg dei gjerne tett på brettet slik dei etterheva og veks litt i hop når dei steinkast. Da blir dei saftig. Pynt med rosiner.

Steik dei ved 220 grader i 8-9 min.

Melisglasur av eggekvite og melis. Miks med ballongvisp for ein luftig glasur. Vi sverger til denne melisglasuren både til lussekatter og pepperkaker. Prøv du og.

 

God luciafeiring!

Neste
Neste

Seige pepperkakekuler