Personvernerklæring
Usminka.no er forplikta til å behandle personopplysningar frå kundar på ein skikkeleg og trygg måte. Vi vil at du skal forstå korleis vi handterer data om deg, og i denne personvernerklæringa forklarar vi kva vi samlar inn, korleis vi gjer det, og kva vi brukar det til.
1. Om Usminka.no
Eigaren av denne nettsida er Usminka AS
Adresse: Grytastrandvegen 499, 6265 Vatne
E-post: usminka@outlook.com
Org.nr.: 931 986 694
2. Hvorfor vi behandlar personopplysningar
Når du er kunde hos oss, samlar vi inn opplysningar som namn, e-post, telefonnummer og det som ellers er nødvendig. Dette blir berre brukt for å handtere kundeforholdet ditt. Opplysningane blir lagra så lenge du er kunde hos meg.
Du har rett til innsyn, retting og sletting av alt eg har lagra om deg. Når kundeforholdet er over, tek vi vare på data så lenge det er nyttig – for eksempel for å kunne finne att historikk om du treng det seinare.
3. Utlevering til tredjepart
Usminka AS gir ikkje ut personopplysningar til nokon andre, med mindre vi er lovpålagt å gjere det ovanfor offentlege myndigheiter.
4. Kunderegister og behandling av informasjon ved kjøp
I kunderegisteret vårt ligg navn, adressa og telefonnummer. Dette blir lagra i CRM-systemet så lenge det er nyttig for meg å ha det der. Det er berre Usminka AS som har tilgang til opplysningane som blir samla inn via nettsida og i samband med kundeforhold.
Vil du ha oversikt over kva som ligg lagra, eller vil du slettast, så finn du meir under kapittelet om sletting.
5. Informasjonskapslar (cookies)
Usminka.no brukar informasjonskapslar på nettsida. Når du brukar sida, godkjenner du at cookies kan brukast i nettlesaren din. Dette er heilt vanleg teknologi som dei fleste nettsider brukar, og det gjer at du får ei betre oppleving neste gong du kjem innom.
Dei fleste nettlesarar – som Opera, Edge, Firefox og Safari – aksepterer cookies automatisk. Dersom du ikkje vil det, må du endre innstillingane sjølv. Men ver obs på at mange nettsider då kanskje ikkje vil fungere optimalt.
6. Kva slags cookies som blir brukt
Squarespace/Google Analytics
Føremål: Å samle inn informasjon om korleis folk brukar nettsida, slik at eg kan lage betre innhald og forbetre sida. All informasjon er anonymisert. Du får oversikt over ting som kor mange som har besøkt sida, kvar dei kjem frå og kva sider dei har sett på.
Meta
Føremål: Å samle inn informasjon som gjer at marknadsføring på Facebook og Instagram kan tilpassast betre.
7. Kontaktskjema
Når du fyller ut kontaktskjema, lagrar vi informasjonen du sender inn. Dette er berre for å kunne gi deg betre kundeservice. Data blir ikkje lagra lenger enn nødvendig. Ønsker du sletting – sjå kapittelet om innsyn, retting og sletting.
8. Deling
Du kan dele artiklar frå nettsida i sosiale medium (Facebook, X). Korleis data blir handterte vidare der, kjem an på avtalen din med plattforma du deler på.
9. Innsyn, retting og sletting
Som privatperson har du rett til innsyn i kva opplysningar eg har om deg, jfr. personopplysningslova § 18.
Send ein e-post til parkstad@online.no om du ønskjer innsyn.
Er opplysningane feil, ufullstendige, eller du vil slettast heilt, kan du krevje dette etter § 27.
10. Ansvarleg databehandlar
Usminka.no er ansvarleg for behandlinga av personopplysningar. Eg sørgjer for at det blir gjort internkontroll, og at eventuelle avvik frå lovverket blir meldt inn og retta opp.
Har du spørsmål? Send ein e-post til parkstad@online.no.