Sprø pepperkaker

Det er ikkje mykje vi bakar til jul, men pepperkaker blir det alltid. Når du tilsett krydderet i sirupsblandinga brer det seg umiddelbart ein deilig julekrydderduft i heile kjøkkenet. Dette er julestemning.

Pepperkakedeig

200 gram sukker, gjerne rørsukker

250 gram lys sirup

1 toppa ss kanel

1/2 ss malt ingefær

1⁄4 ss malt nellik

1 ss natron

250 gram smør

2 stk egg

600 gram mjøl

Framgangsmåte

Ha sukker og sirup i ein kjele. Kok opp forsiktig og la det koke på lav varme nokre minutt, til sukkeret begynner å nærme seg oppløyst.

Bland saman kanel, nellik og ingefær i ein skål. Gjer også smøret klart, del det opp i terningar.

Ha krydderblandinga i sirupsblandinga og bland. Nyt den deilige lukta som brer seg i rommet.

Tilsett deretter natron og rør det godt inn. Du vil sjå at blandinga blir lysere i fargen og begynner å ese opp. Dette trinnet er svært viktig for at pepperkakene skal bli fine og sprø.

Tilsett smørterningane litt om gongen og rør dei godt inn. Eg bruker kaldt smør, slik at blandinga får temperert seg før egga tilsettjast. Etter egga er blanda inn, blandar du inn mjølet. Deigen skal vere noko klissete. Når den blir kald, blir den god å jobbe med.

Eg doblar gjerne oppskrifta, vakumpakkar deigen og tek den fram når pepperkakebakinga kallar.

180 gradar i 7-9 minutt brukar å vere suksess for spø pepperkaker her i hus.

Forrige
Forrige

Seige pepperkakekuler